Eit verdomspennande nettverk! Og no hadde eg vorte med! No var eg i gang!
Medan me åt middag nemde eg for fru Vatland at no hadde mannen hennar beint ut kome på facebook. Reaksjonen vart ikkje det eg hadde forventa. "Facebook er visst på veg ut,"sa ho."No er det blogging som gjeld."
Eg sat att desillusjonert. Eg tenkte på det mor mi pleier sei; Når ei ny mote kjem til Barstad, så er det ikkje mote meir.
For dei som ikkje er lokalkjende i Dalane-regionen så kan eg nemna at Barstad blir å rekna som ein utkant i Sokndal kommune som eigentleg óg kan seiast å vera ein utkant.Me som kjem ifrå bygda er vel kanskje ikkje av dei som er mest mottakelege for nye ting. Me snur hovudet ein annan veg og strir imot dette nye, framande, ukjende. Me har då alltid greidd oss utan! Heilt til me ein dag tenkjer: "kvifor ikkje?"
Men då er det altså av og til i seinaste laget..
Så kjekt å lese!Du e ein dyktige skribent Arne! Vel, du e ennå ikkje den siste som ikkje he fått me deg facebook-moten! Folk frå bynære strøg som Egebakken he heller ennå ikkje fått seg facebook. Men bare fortsett blogginge du=)
SvarSlettMålfrid
hehe. du skrive godt, Arne
SvarSlettJa, skrive kan han:) Både dikt og innlegg på nye bloggen!!
SvarSletthaha, eg lo godt nå! utkant i utkanten.. hehe..
SvarSlett