søndag 8. mars 2009

Opplevelse for livet!

På tide å fortelle litt frå den store turen vår (er trass alt nesten tre veker sidan vi kom tilbake til Norge no...) Skal ikkje skrive reiseskildring akkurat, for då blir det så langt at ingen orkar lese. Men litt må fortellast og nokre bilder visast, for dette var ein stor opplevelse i livet mitt!!
Vi har nemleg hatt godt og vel to veker med ferie i Indonesia!! Det var herlege saker, på alle måtar! Varmt og godt, opplevelsesrikt, og ikkje minst var det kjekt å være ilag med Kari-Anne og Magne og guttane deira; Andreas og Olav. Magne er bror til Arne, altså min svoger. Dei er misjonærar, er godt kjende og kan språket, så vi fekk sjå Indonesia frå innsida. Gunnar, ein annan bror av Arne var også med på turen.

Kari-Anne og meg
Gunnar og Magne
Andreas og Olav

Vi var for det meste i byen Medan, der Magne og dei bur. Men vi reiste også nokre dagar til ei øy utanfor nordspissen av Sumatra, Pulau Weh. Det var fantastisk, med soling, bading og ikkje minst snorkling. Eg har oppdaga ein ny verden under vatn. Flotte korallar, sjell og fiskar i alle slags fargar. Akkurat som i filmen Nemo!


På vei til og frå Pulau Weh hadde me nokre timar i byen Banda Ache som mange kanskje huskar omsnakka i forbindelse med den store tsunamien for fire år sidan. Det gjorde store inntrykk å sjå og bli fortalt om øydeleggingane som fortsatt var veldig tydelege. Mellom anna såg vi på to båtar som kjempebølga hadde kasta fleire kilometer opp på land, den eine låg fortsatt oppå taket på eit hus...


I tillegg til ferieringa, var det spennande å være på eit misjonsfellt. Vi var mellom anna på ein søppelplass der 250 familiar bur og lever av å samle og sortere søppel. Der møtte vi ein fantastisk mann, ein indonesisk prest som viste oss rundt og fortalde om arbeidet. Han hadde ein utrulig iver til å hjelpe desse familiane, og ikkje minst vise dei kven Jesus er. Om ikkje lenge skal Kari-Anne starte opp med engelskundervisning for ungane som veks opp der, eit spennande og viktig arbeid.

Til slutt må eg berre skryte litt av dei to gode og flinke gutane!! Andreas byrja på skulen i haust, ein internasjonal skule der alt foregår på engelsk. Eg syns han er knall tøff og flink! Det var ikkje mykje engelsk han kunne når dei reiste ut til Indonesia i sommar, men no går det veldig fint!
Og Olav (3år) har ei Indonesisk barnepike, Ibo Ana, som han er ilag med kvar dag. Dei kommuniserer for det meste på indonesisk (blanda med eindel norske ord som Ibo Ana har lært), og hadde det tydelig veldig kjekt ilag. Eg er rett og slett imponert!


<--- Her er tre tøffe; Olav, Andreas og Arne :)
Terima kasih (=tusen takk) for ein herlig tur og opplevese!

6 kommentarer:

  1. Hei.
    Kjekt å sjå bilde frå Indonesia. Gled meg til "Indonesia-kveld" neste helg på hytta!
    mamma Marit

    SvarSlett
  2. Såg ut som ein flotte opplevelse ja! HE venta litt på at du sko komma me et lide innlegg=) Målfrid

    SvarSlett
  3. Høyres veldig kjekt ut. Eg også oppdaga ein heilt ny verda under vatn i Honduras...Såg du og den fisken som var halv oransje og halv blå? Min favoritt;)

    SvarSlett
  4. Gøy,Gøy! Ser og høres ut som dere har hatt en strålende tur!! OG kjolen var fin synes jeg!!

    SvarSlett
  5. Mamma: Vi gler oss til VELDIG til hytteturen neste helg!! Da blir det lysbildeshow ja!! ;)
    Målfrid: ....ja, du har rett... det tok lang tid!!
    Audi: Såg iallafall en som va blålilla og gul! Va det den du meinte? Den va iallefall nydelig!
    Og du smette: ...det spørs nok om kjolen blir hengande i skapet..tiden vil vise...

    SvarSlett
  6. Ja, det var kanskje den som var blålilla og gul- stemmer det. Kanskje det var fetteren;P

    SvarSlett