mandag 27. april 2009

ein epoke er forbi...

Du kom inn i livet mitt ein haustdag i 2001. Eg tok buss til Haugesund for å sjå deg. Var spent på korleis du var. Om eg ville like deg.
Eg tykte du var fin. Eg reiste heim, tvilande. Men alt dagen etter ringte eg og ga beskjed; eg ville du skulle verta min. Så fekk det gå som det ville..

Du hadde flott burgunderraud farge og lyst interiør.
Du har vore verdt prisen. Du har gjeve valuta for pengane. I lag har me sett mykje av det som er å sjå av Norges land. Me har tatt ferger og kryssa fjell.
Me har reist over Suleskard i mai, berre for å sjå høge brøytekantar. Med ein sving over Haukeli til Hardanger for å sjå blomstrande epletre. Ein stopp i Rosendal. Snø på Melderskin.
Me har breia oss på smale vintervegar med meterhøge brøytekantar. Dei andre trudde du var ein kjelke på snøen. Eg visste bedre. Saman hadde me full kontroll.
Me har vore i venstrefil opp Rennfast tunnellen medan trailarane vart små i sladrespegelen. Og Stavanger kretsungdomskor song om Himmelen i høgtalarane dine.
Me har fare over Valdresflya og Strynefjell. Over Gaularfjell og Vikafjell. Langs lange steingjerder i Yorkshire. Ein svipp innom Skottland. Du klaga aldri. Kravde aldri korkje meir diesel eller olje. Å fare frå Kristiansand til Stryn på ein halv tank var di minste kunst.
Du har frakta emmisærar og sauegjetarar. Bryllupsgjestar og gjetarhundar.
Heilt til nå ei helg på veg ned Hallingdal. Det kom lyder frå motoren. Ein Viking-mann sa be burde stoppe. Han trudde ikkje du ville greie turen heim. Me stoppa ikkje. Og me kom velberga heim. Som alltid.
Men skaden var skjedd og lot seg ikkje rette..
Ei siste reis venter til opphoggaren i Setesdalsvegen. Det blir ein trist dag. Me takker for gode minner og vil hugse deg med glede.

3 kommentarer:

  1. Snufs Snufs! Blir nesten rørt her eg sitte!

    SvarSlett
  2. Takk for alt. Det har vært en fryd å sitte på med deg på sure og kalde regnværsdager. Det var også en fryd å være med fra Balestrand til Kr.sand i fjor høst. Jeg skjønte det var noe galt på turen til og fra Evje før påske...

    SvarSlett
  3. Startar ei ny epoke snart eller...?

    SvarSlett